Til alle våre medlemer

Ei sommarhelsing frå leiaren

Mai og juni er alt historie og feriemånaden juli er i full gong. Prosjektgruppa og arbeidsutvalet i Arena Stryn har siste tida arbeidd med finansieringa av vårt store prosjekt.

I denne samanheng er det lagt ut ei side på www.arenastryn.no der alle som ynskjer dette prosjektet gjennomført kan velje si rute - eller fleire - til kr 500,- pr. stk. At dette er lagt inn på ei fotballbane betyr langt meir enn fotball. Alt som kjem inn av midlar kan bety realisering av heile prosjektet som omfatar fleirbrukshall med fotball og friidrett, samt utlagt golv for handball og ulike arrangement. I tillegg basishall for turn og sjølve Arenabygget med m.a. treningssenter og klubbhusfunksjonar.

Ikkje minst vil dette bety sers mykje for turnen som i dag er største gruppa og slit med altfor liten plass til sine aktivitetar. Basishallen kan bli den første i Sogn og Fjordane.

Frå tidlegare har vi inne søknader til ulike sponsorar som Sparebankstiftelsen Sogn og Fj. Sparebanken Vest, Gjensidigestiftelsen samt Trond Mohn. Alle desse har ved tidlegare høve vist interesse for m.a.idrettsanlegg og såleis medvirka til realisering av slike. Dei er likevel sers opptekne av frivilligheit og engasjement frå lokalsamfunnet. Dette har nok betydning for deira medverknad.

Ei realisering av Arena Stryn når langt fleire enn berre ST&I. Alle idrettslag i kommunen vil nyte godt av dette anlegget samt innbyggarane generelt. Fysisk fostring er viktig for alle grupper og her blir alt lagt til rette for det.

På vegne av ST&I håpar vi at både medlemer og andre støttar opp om prosjektet.

Fortsatt god sommar til dykk alle !

MVH

Jonn Beinnes